Nasjonale prøver 2010 – fagmiljøenes analyse av prøvene
Dette er eit samandrag av dei tre analyserapportane frå gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2010. Det vart gjennomført nasjonale prøver i lesing og rekning på 5., 8. og 9. steget og i engelsk på 5. og 8. steget i grunnskolen.
Kvar av dei nasjonale prøvene vart gjennomført av om lag 60 000 elevar. Analysane byggjer på desse svara. Prøvene i engelsk og rekning er elektroniske, prøvene i lesing er på papir. Dei elektroniske prøvene er i tre versjonar, mens leseprøvene er like for heile trinnet.
Alle oppgåvene er nøye prøvde ut på førehand. Gjennom utprøvinga får ein informasjon om reliabilitet, validitet og p-verdi (vanskegrad), og prøvene blir sette saman etter grundige analysar ut i frå kva for oppgåver som fungerer best.
I analyserapportane frå sjølve gjennomføringa blir oppgåvene presenterte med ein p-verdi som fortel oss kor stor prosentdel av elevane som klarte oppgåva. Har oppgåva ein p-verdi på 0,6, var det 60 prosent av elevane som svara rett. Det er òg rekna ut ein gjennomsnittleg p-verdi for kvar prøve, som seier noko om den totalte vanskegraden prøva har.
Nasjonale prøver er ikkje laga for å samanlikne resultat over tid. Dette mellom anna fordi prøvene ikkje er dei same prøvene kvart år, men er sette saman av ulike oppgåver og tekstar frå år til år.
I 2010 vart det gjennomført nasjonal prøve i lesing og rekning på 9. steget for første gong. Dette er dei same prøvene som blir brukte for 8. steget, og dei kan fortelje skolen noko om skilnaden på elevane sine prestasjonar i rekning og lesing på desse stega, og vise ein tendens til kor mykje elevane forbetrar seg frå 8. til 9. steget.
Lesing 5. steget
Nasjonale prøver i lesing på 5. steget måler elevane si evne til å finne og tolke informasjon og til å reflektere over innhald og form i teksten. Dette er forankra i kompetansemål for fag etter 4. steget der grunnleggjande ferdigheit i lesing er integrert.
Prøva inneheld seks tekstar. Dette er tekstar som er typiske for ulike fag i skolen, og tekstane i prøva kan knytast til fleire fag, mellom anna til norsk, naturfag og matematikk.
Resultata frå prøva viser at elevane i gjennomsnitt klarte 57,5 prosent av oppgåvene. Det er stort spenn mellom oppgåvene. På den lettaste oppgåva svarer 84 prosent av elevane riktig, mens på den vanskelegaste oppgåva svarer berre 10 prosent riktig.
65 prosent av elevane klarer alle oppgåvene til den lettaste teksten i prøva som er Har hundre tenner. Den vanskelegaste teksten i prøva er Krokodilletårer, og det er berre 45 prosent av elevane som klarer alle oppgåvene til denne teksten.
Typisk for dei lettaste oppgåvene er at elevane skal finne informasjon som er eksplisitt uttrykt i teksten, eller trekkje enkle logiske slutningar. Derimot må dei ofte gjere fleire operasjonar for å klare dei vanskelegaste oppgåvene, for eksempel samanhalde informasjon frå fleire ulike stader i teksten.
Dei lettaste leseaspekta er "Finne informasjon", og i gjennomsnitt klarer elevane 71 prosent av oppgåvene innanfor dette aspektet. "Forstå og tolke" og "Reflektere over og vurdere" er like vanskelege aspekt, og i gjennomsnitt klarer elevane 52 prosent av oppgåvene knytte til disse aspekta.
Det er skilnad mellom kjønna i den totale skåren på prøva. Jentene klarer i gjennomsnitt 59 prosent av oppgåvene, mens gutane i gjennomsnitt klarer 56 prosent.
Lesing 8. og 9. steget
Nasjonale prøver i lesing på 8. og 9. steget måler elevane si evne til å finne og tolke informasjon og reflektere over innhald og form i teksten. Dette er forankra i kompetansemål for fag etter 7. steget der grunnleggjande ferdigheit i lesing er integrert.
Prøva inneheld seks tekstar. Dette er tekstar som er typiske for ulike fag i skolen, og tekstane i prøva kan knytast til fleire fag, mellom anna til RLE, naturfag og matematikk.
Resultata frå prøva viser at elevar på 8. steget i gjennomsnitt klarte 53 prosent av oppgåvene, mens elevane på 9. steget klarte i gjennomsnitt 60 prosent av oppgåvene. Det er altså ein gjennomsnittleg framgang frå 8. til 9. steget på omtrent 7 prosentpoeng.
Framgangen frå 8. til 9. steget viser seg tydeleg ved at det er klart fleire elevar på dei høgaste meistringsnivåa (4 og 5) på 9. steget.
Den vanskelegaste teksten i prøva er Kva er du avhengig av, og 44 prosent av elevane på 8. steget og 54 prosent av elevane på 9. steget klarte alle oppgåvene. Ei av årsakene til at denne teksten er så vanskeleg, kan vere at det er to tekstar som står i motsetning til kvarandre, og at dei har eit relativt vanskeleg språk.
Den lettaste teksten er derimot novella Sjakkspillet. 64 prosent av elevane på 8. steget og 68 prosent av elevane på 9. steget klarer alle oppgåvene til denne teksten. Denne teksten er òg den lengste i prøva. Det kan vere fleire årsaker til at denne teksten er lett. Ei av dei kan vere at teksten har ein tydeleg kronologi, og at forteljarstemma ligg fast hos eg-personen. Ei anna er at dette er ein forteljande teksttype som elevane kjenner godt frå barneskolen.
Det er stort spenn mellom oppgåvene. Den lettaste oppgåva svarer 86 prosent av elevane riktig på, mens det på den vanskelegaste oppgåva er berre 17 prosent av elevane som svarer riktig.
Det er liten skilnad i vanskegrad knytt til dei tre ulike leseaspekta. Gjennomsnittleg vanskegrad for 8. steget for "Finne informasjon" og "Tolke og forstå" er ca.55 prosent, for "Reflektere og vurdere" 45 prosent. Gjennomsnittleg vanskegrad for 9. steget for "Finne informasjon" og "Tolke og forstå" er på ca. 61 prosent, for "Reflektere og vurdere" 54 prosent.
Det er skilnad mellom kjønna i den totale skåren på prøva. På 8. steget klarer jentene i gjennomsnitt 56 prosent av oppgåvene, mens gutane i gjennomsnitt klarer 51 prosent av oppgåvene. Denne forskjellen aukar litt frå 8. til 9. steget. På 9. steget klarer jentene i gjennomsnitt 63 prosent av oppgåvene, mens gutane i gjennomsnitt klarer 57 prosent.
Rekning 5. steget
Nasjonale prøver i rekning er ikkje ei prøve i faget matematikk, men i rekning som grunnleggjande ferdigheit. Prøva er knytt til områda tal, måling og statistikk.
Prøva er forankra i kompetansemål for fag etter 4. steget der grunnleggjande ferdigheit i rekning er integrert
Prøva inneheld 44 oppgåver. 29 oppgåver er fleirvalsoppgåver, og 15 oppgåver er opne oppgåver der elevane skriv inn svaret sjølv.
Den totale vanskegraden av prøva er på 59 prosent. Elevane har klart å løyse 71 prosent av statistikkoppgåvene, 56 prosent av taloppgåvene og 54 prosent av målingsoppgåvene.
Oppgåvene varierer i vanskegrad frå 19 til 86 prosent. Det syner at prøva har stor breidd når det gjeld vanskegraden i oppgåvene.
Dei oppgåvene som har lågast vanskegrad, er fem oppgåver om tal og ei oppgåve om måling. Dei to oppgåvene med høgast vanskegrad er problemløysing der elevane må sjå opplysningar i samanheng og velje rett rekneart og metode.
Gutar gjer det signifikant betre på prøva enn jenter. Skilnaden er 2,3 prosent. Skilnaden er størst på oppgåver i måling.
Alle oppgåvene, så nær som ei, skil godt mellom svakt presterande og sterkt presterande elevar. Det vil mellom anna seie at elevar med best resultat totalt på prøva er dei som får til dei vanskelegaste oppgåvene.
Rekning 8. og 9. steget
Nasjonale prøver i rekning er ikkje ei prøve i faget matematikk, men i rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle fag.
Prøva er forankra i kompetansemål for fag etter 7. steget der grunnleggjande ferdigheit i rekning er integrert
Prøva tek utgangspunkt i kompetansemål på 7. steget og områda tal, måling og statistikk.
Prøva har 58 oppgåver. 40 oppgåver er fleirvalsoppgåver, og 18 oppgåver er opne oppgåver.
Den totale vanskegraden av prøva, målt som eit gjennomsnitt av p-verdien av dei tre ulike versjonane, var 0,53. Det vil seie at resultata frå prøva totalt viser at elevane i gjennomsnitt klarte å løyse 53 prosent av oppgåvene. For 9. steget er talet 60 prosent.
Elevane på 8. steget har klart å løyse 58 prosent av statistikkoppgåvene, 55 prosent av taloppgåvene og 48 prosent av målingsoppgåvene. For 9. steget er tala 65 prosent for statistikk, 61 prosent for tal og 54 prosent for målingsoppgåvene.
Oppgåvene varierte i vanskegrad frå 9 til 88 prosent på 8. steget. For 9. steget er variasjonen frå 14 til 89 prosent. Det syner at prøva hadde stor breidd når det gjeld vanskegrad i oppgåvene.
Oppgåvene med størst vanskegrad omhandlar desimaltal, brøk, areal og prosent.
Oppgåvene som har lågast og høgast p-verdi på 8. steget, er dei same på 9. steget. Like mange eller fleire elevar løyste oppgåvene på 9. steget. Oppgåvene med størst vanskegrad aukar mest frå 8. til 9. steget. Fem av sju av dei oppgåvene som aukar mest, handlar om desimaltal.
Gutar gjer det signifikant betre på prøva enn jenter. Skilnaden er 2,6 prosent på 8. steget og 2,3 prosent på 9. steget. Skilnaden mellom jenter og gutar er størst på oppgåver i måling.
Alle oppgåvene skil godt mellom svakt presterande og sterkt presterande elevar. Det vil mellom anna seie at elevar med best resultat totalt på prøva, er dei som får til dei vanskelegaste oppgåvene.
Engelsk 5. steget
Nasjonale prøver i engelsk prøver delar av faget engelsk. Prøva måler delferdigheitene vokabular, leseforståing og grammatikk og tek utgangspunkt i kompetansemåla etter 4. steget.
Den nasjonale prøva i engelsk for 5. steget er ei elektronisk prøve.
Det er tre ulike versjonar av prøva. Versjonane kan samanliknast med omsyn til innhald og vanskegrad.
Omtrent 19 000 elevar har svart på dei ulike versjonane av prøva.
Alle oppgåvene i engelskprøva kan skårast automatisk. Nokre av oppgåveformata kan likevel tolkast som "opne" i og med at det ikkje er gitt svaralternativ. I tillegg til dei opne oppgåvene inneheld prøva fleirvalsoppgåver.
Den gjennomsnittlege vanskegraden for prøva er på 60 prosent. Det vil seie at resultata frå prøva totalt viser at elevane i gjennomsnitt klarte å løyse 60 prosent av oppgåvene.
Både prøva sett under eitt og dei fleste enkeltoppgåvene skil godt mellom svake og sterke elevar. Det vil mellom anna seie at elevar med best resultat totalt på prøva er dei som får til dei vanskelegaste oppgåvene.
I prøva er det ei god blanding av lette, middels og vanskelege oppgåver. Dei tre ulike versjonane av prøva viser seg å fungere svært likt når ein ser på elevresultata.
Eit av dei lette oppgåveformata, Colour, hadde fleire blanke svar på prøva enn da dei vart testa ut. Det kan sjå ut som årsaka er av teknisk karakter, og at det ikkje er systematiske avvik som fører til at resultata blir påverka. Sjølve oppgåveformatet må vi sjå nærare på saman med fagmiljøet.
Det er berre små skilnader mellom resultata til jentene og gutane. Dette gjeld alle dei tre versjonane. Vi ser også at gutane skårar litt lågare enn jentene blant dei med lågast poengsum, mens den gjennomsnittlege poengsummen for gutar og jenter er tilnærma lik blant dei som skårar høgast på prøva.
Eit døme på skilnaden mellom jenter og gutar finn ein i Who could say-oppgåvene. Her blir elevane presenterte for ein ganske lang tekst, som beskriv tre eller fire personar, til dømes om kva dei gjer, kva dei likar, eller korleis dei ser ut. Ut frå denne informasjonen skal elevane kunne relatere ein påstand til rett person. Jentene gjer det best på alle Who could say-oppgåvene i dei tre prøvene. Skilnaden mellom jenter og gutar er ikkje stor, men han er signifikant.
Engelsk 8. steget
Det er tre ulike versjonar av prøva. Versjonane kan samanliknast med omsyn til innhald og vanskegrad.
Kvar av dei tre ulike versjonane av prøva vart svart på av i overkant 19 500 elevar.
Alle oppgåvene i engelskprøva kan skårast automatisk. Nokre av oppgåveformata kan likevel tolkast som "opne" i og med at det ikkje er gitt svaralternativ.
Den gjennomsnittlege vanskegraden for prøvene er på 61 prosent.
Både prøva sett under eitt og dei fleste enkeltoppgåvene skil godt mellom svake og sterke elevar. Det vil mellom anna seie at elevar med best resultat totalt på prøva er dei som får til dei vanskelegaste oppgåvene.
I prøva er det ei blanding av lette, middels og vanskelege oppgåver.
Dei tre versjonane av prøva oppfører seg omtrent likt i elevgruppene.
Som på 5. steget er det berre små skilnader mellom resultata til jentene og gutane. Dette gjeld alle tre versjonane. Vi ser også, som på 5. steget, at gutane skårar litt lågare enn jentene blant dei med lågast poengsum, mens den gjennomsnittlege poengsummen for gutar og jenter er tilnærma lik blant dei som skårar høgast. Eit døme på kjønnsskilnadene er oppgåvene Who could say og Move paragraph, der elevane møter litt lengre tekstar. Her gjer jentene det best. I formatet Click word derimot er utgangspunktet ein kort tekst, og her gjer gutane det ofte best.