Oppsummeringsrapport - Vurdering for læring

Undervegsrapport frå kommunar som deltek i den nasjonale satsinga på Vurdering for læring, er klare. Det er særleg to tema som går igjen i rapportane, og det er variasjon og auka medvit.

Variasjon dreier seg om kor langt den enkelte skolen har kome i utviklingsarbeidet, og om kva lærarane har praktisert i klasserommet. Det er stor variasjon i korleis kommunane har organisert satsinga lokalt. Satsinga har også ført til auka medvit om læring, og om eigen og andre sin vurderingspraksis.

Nettverk

Eit gjennomgåande trekk i rapportane er at det er stor entusiasme og stort mangfald på vurderingsfeltet. Dei fleste av kommunane har organisert arbeidet med vurdering for læring i nettverk. Nettverka er sette saman på ulike måtar innafor og på tvers av einingar og nivå. I dei fleste regionane er satsinga organisert i nettverk som allereie eksisterer, og dei fleste av kommunane har gode erfaringar med å jobbe på denne måten. Dialogkonferansar, nettverk med rektorar og ressurspersonar er spesielt positivt.

Eksempel på endringar i vurderingspraksisen til læreren

  • Lærarar og elevar utarbeider og kommuniserer mål og kriterium til andre lærarar, elevar og foreldre.
  • Lærarar gir meir faglege, spesifikke i tilbakemeldingar.
  • Elevane er meir med i vurderingsarbeidet.
  • Ulike vurderingsmetodar skal utforskast i klasserommet. 

Både skoleeigarar, ressurspersonar og rektorar blir tillagde ein avgjerande verdi, særleg som faglege pådrivarar, og for at det blir sett av tid til team- og fellesdrøftingar.

Utfordringar vidare

Det er ei utfordring å organisere felles samarbeidstid mellom skolane, skape eit felles språk og ei felles forståing for vurdering og å halde det positive trykket og motivasjonen oppe. Dei fleste understrekar behovet for å forlengje deltakarperioden, og meiner at fleire frå kommunen burde vore med på samlingane til Utdanningsdirektoratet.

Slik er undervegsrapportane laga

Oppsummeringa av undervegsrapportane til kommunane er laga på bakgrunn av fylkesmannsembeta si  oppsummering av undervegsrapportane frå til saman femti kommunar. Kommunane deltek i pulje 1 i den fireårige nasjonale satsinga på vurdering for læring. Fylka Oppland, Aust-Agder, Rogaland, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag og Troms er med. Kommunane blei bedne om å rapportere i ein mal som er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet, og inneheld følgjande punkt:

  • organisering
  • mål
  • vurderingspraksis
  • vurdering for læring
  • kompetansebygging
  • erfaringsspreiing
  • utfordringar og råd til Fylkesmannen og Utdanningsdirektoratet