Norskfaget i framtida, 2006

I det fleirkulturelle samfunnet vil norskfaget vere eit felles fag for elevar med ulike språklege og kulturelle referanserammer. Samtidig blir innhaldet i faget utfordra av eit samfunn i sterk endring. Korleis møter utdanningssystemet dei mange utfordringane dette skaper?

Rapporten ”Framtidas norskfag – språk og kultur i eit fleirkulturelt samfunn” gjev nok ikkje alle svara, men rapporten har 27 framlegg til tiltak, og vil vere eit godt utgangspunkt for vidare debatt og utvikling av norskfaget.