Norskfaget i det fleirkulturelle samfunnet – delrapport
Utdannings- og forskningsdepartementet sette i april 2005 ned ei arbeidsgruppe til å vurdere heilskapen i norskfaget, blant anna i lys av dei utfordringane faget står overfor i det fleirkulturelle samfunnet. Den ferske delrapporten frå arbeidsgruppa konkluderer med at norsk som andrespråk framleis bør vere eit tilbod til elevar som treng det.
Bakgrunnen for arbeidsgruppas konklusjon er eit ønskje om at norskfaget i framtida skal vere eit samlande fag for alle elevgrupper uansett kva språkleg bakgrunn dei har.
I dag har vi fire sett med læreplanar i norsk, med andre ord fire norskfag som ikkje er heilt like: Norsk, norsk for elevar med samisk som førstespråk, norsk for elevar med teiknspråk som førstespråk og norsk som andrespråk for språklege minoritetar. Arbeidsgruppa har vurdert om det er mogeleg å lage ein felles norskplan for alle grupper som del av Kunnskapsløftet.
I tilrådinga konkluderer arbeidsgruppa med at ein kan utarbeide ei plattform med felles kompetansemål og perspektiv for norskfaga. Slik kan vi få eit norskfag som opnar for fleire enn dei som har norsk som morsmål. For alle elevar bør norskfaget gi eit samanliknande perspektiv på norsk språk og litteratur, og fleirspråkleg kompetanse bør anerkjennast som ein ressurs for den enkelte og for samfunnet. På alle trinn i grunnopplæringa skal elevane vere medvitne om si eiga språklege utvikling.
Men det er framleis forskjellar som ikkje kan fangast inn av tilpassa opplæring. For døve elevar er norsk berre eit skriftspråk. For samiske elevar inngår norskfaget i ei tospråkleg opplæring som blant anna inkluderer tolke- og omsettarkompetanse. I gruppa av elevar med minoritetsbakgrunn er det mange nykommarar som må ha andrespråkopplæring i norsk for å klare seg – i tillegg til at det etter kvart er mange med god norskkompetanse. For den siste gruppa er det behov for kartleggingsverktøy som gir hjelp til å bestemme når eleven er klar for vanleg norskundervisning.