Læringsutbytte ved innføring av Kunnskapsløftet, 2005

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har NIFU STEP utarbeidd ein statusrapport om tilstanden i grunnopplæringa anno 2005 på områda struktur, gjennomføring og læringsutbytte. Rapporten er eit viktig innspel til komande evalueringar av Kunnskapsløftet.

Rapporten viser at norske elevar i grunnskulen gjer det bra i engelsk. Dei viser god demokratiforståing, og dei plasserer seg nær gjennomsnittet i lesing. Det er resultata i matematikk og naturfag som gir grunn til uro. Ved sida av at dei norske resultata er svake i internasjonal samanheng, viser det seg også at prestasjonsnivået i dei to faga har blitt dårlegare over tid. Dei svake resultata i matematikk og naturfag blir sett i lys av rammevilkåra for læring.

Når det gjeld læringsutbytte i vidaregåande opplæring, blir det reist spørsmål om kompetansen i vidaregåande opplæring er så dårleg som dokumenta som ligg til grunn for Kunnskapsløftet hevdar. Gjennom analysar av eigne data og data frå SSB blir det konkludert med at 75-80 prosent av årskulla oppnår studie- eller yrkeskompetanse. Ein spør om ikkje dette er det ein bør vente, gitt at befolkninga har ulike føresetnader.

Det blir konkludert med at ei viktig oppgåve for vidaregåande opplæring i åra framover er å ta i bruk kompetanse på lågare nivå, slik at dei som har det fagleg svakaste utgangspunktet også får eit reelt tilbod i vidaregåande opplæring.