Kunnskapsoversyn

Læremiddelforsking etter Kunnskapsløftet

Forsking både før og etter Kunnskapsløftet viser at læreboka framleis står sterkt i norske klasserom.  Det er varierande kor synlege dei grunnleggjande ferdigheitene er i læremidla som er utvikla etter LK06.

Høgskolen i Vestfold har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet utarbeidd eit kunnskapsoversyn over læremiddelforsking etter LK06.  Studien har særleg fokus på tre hovudområde:

  • val, vurdering og bruk av læremiddel
  • digitale læremiddel
  • tilpassa opplæring

Det er lite forsking innanfor alle dei tre hovudområda etter LK06, men noko meir frå før 2006. Det er grunn til å tru at konklusjonane frå tidlegare forsking framleis er gjeldande på nokre av områda.

Det er varierande kor synlege dei grunnleggjande ferdigheitene er i læremidla som er utvikla etter LK06. Det er lite systematikk og progresjon i korleis læremidla hjelper lærarane til å arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene, først og fremst lesing og skriving, i alle fag. Det er lite arbeid med lesing og med tekstane i læreboka i skolen, og individuelt arbeid med oppgåver initiert på arbeidsplanar har stor plass.

Det finst ikkje mykje forsking om vurdering av digitale læremiddel i høve til bruk i praksisfeltet, og koplinga til læreplanen er svakare enn når det gjeld analoge læremiddel. Det finst ein del utprøving nasjonalt og internasjonalt med tilhøyrande følgjeforsking på digitale læringsressursar som kan fremje arbeidet med dei fire andre grunnleggjande ferdigheitene.

Punktet om tilpassa opplæring tek særleg opp situasjonen for minoritetsspråklege elevar. Både undersøkingar før og etter LK06 viser at denne elevgruppa nyttar dei same læremidla som medelevane. Det ser ut til at det er blitt meir medvit blant læremiddelutviklarane når det gjeld korleis det kulturelle mangfaldet i samfunnet skal speglast av i læremidla.

Høgskolen i Vestfold viser til slutt behovet for meir forsking på enkelte område.