Delrapport 3

Gode skolar – gode for alle?

Kan skolar med ulik læringskultur medverke til å redusere dei systematiske prestasjonsskilnadene vi har mellom gutar og jenter og mellom elevgrupper med ulik sosial bakgrunn? Dette svarar NOVA på i sin tredje rapport som evaluerer innføringa av Kunnskapsløftet.

NOVA har valt ut tre skolar der dei elevgruppene som vanlegvis ikkje gjer det så godt på skolen (gutar, minoritetselevar, elevar med lågt utdanna foreldre), oppnår betre resultat enn vanleg. I tillegg har dei valt ut tre skolar der desse elevgruppene oppnår dårlegare resultat enn vanleg.

Stor variasjon i læringskultur mellom klasser og mellom skolar

Forskarane finn store variasjonar i kva slags skolekultur som finst både mellom skolar, men også mellom timar på same skole. Ifølgje forskarane heng skolekulturen saman med kor direkte skoleleiinga involverer seg i det pedagogiske utviklingsarbeidet.

Ei tydeleg og handlekraftig leiing er ein viktig føresetnad når Kunnskapsløftet skal implementerast på skolenivå. Stabilitet i leiinga, og gode samarbeidsrelasjonar aukar også endringskapasiteten på skolane.

Kva slags skolekultur gir gode resultat?

Størst elevengasjement finn forskarane i timar der lærarane er godt førebudde, har eit strukturert og variert opplegg, har avgrensa arbeidsoppgåver, høgt tempo, rask respons og utnyttar tida godt.

Lågast elevengasjement finn dei i dei timane der reglar for åtferd og framferd er utydelege, og der lærarane opnar for ein stor grad av forhandlingar om kva slags reglar som gjeld.

Skolen reproduserer sosiale skilnader

NOVA finn at skolane reproduserer prestasjonsskilnader mellom elevgrupper som eksisterte då elevane begynte på ungdomssteget. Dette er uavhengig av om skolen har ein praksis som kan seiast å vere i tråd med Kunnskapsløftet eller ikkje.

NOVA trekkjer fram ein skole der prestasjonsskilnadene mellom gruppene er større enn det som var vanleg. Dette var ein skole som på mange måtar hadde implementert Kunnskapsløftet på ein god måte. Forskarane forklara dei store skilnadene med at skolen bruka nivådifferensiering. Det tyder på at dette ikkje fungerer godt for dei svakaste elevane.

Hovudbiletet er likevel at gode skolar er gode for alle elevane og at dårlege skolar er dårlege for alle. Når det gjeld utjamning av sosial ulikskap, verkar det ikkje som om Kunnskapsløftet har nokon effekt.

Rapportserie: Kunnskapsløftet og sosial ulikhet