Forsøk med tidleg start med 2. framandspråk, sluttrapport 2007
Elevar som startar tidleg å lære eit framandspråk i tillegg til engelsk, viser positive resultat. Dette kjem fram i ei evaluering av skolar som har undervist elevar heilt ned på 2. steget i tysk, fransk og spansk.
Fleire lærarar som har vore med i forsøket, meiner at såkalla fagleg svake elevar heng godt med på andre framandspråk, og mange lærarar har endra syn på kva slags elevar som kan lykkast med språkfag.
Evalueringa viser også at mange av dei som har vore med i forsøket, meiner at tysk er lettare å lære enn fransk og spansk. Rektorane ved deltakarskolane meiner forsøket har vore svært positivt, og gir uttrykk for at opplæringa i andre framandspråk bør skyvast fram til 5.- 7. steget.
Framandspråkopplæring for yngre elevar krev like høg språkkompetanse hos læraren som opplæring på høgare trinn. Rapporten tilrår derfor å introdusere fleire språk i allmennlærarutdanninga, og å utvikle modular for etter- og vidareutdanning i språkdidaktikk for barnetrinnet.
Evalueringa er gjennomført av Telemarksforsking på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Tolv skolar i Tromsø, Bodø, Bergen, Trondheim, Hå og Oslo har i over to år gitt språkopplæring i tysk, fransk eller spansk til elevar frå 2. til 7. steget. Undervisninga har følgt ulike modellar, og skolane har stått fritt til å tilpasse forsøka til sine forhold.