Hovedrapport

Årsaker til svakare læringsutbytte hos elevar med hørselshemming

Skolen kan styrkje læringsutbyttet hos døve og tunghørte elevar når kontaktlærarar har erfaring, og når gruppestorleik og akustikk er tilpassa. Skolen er prisgitt at hørselshemma elevar får betre læringsutbytte dersom dei kom tidleg i gang med å kommunisere i oppveksten.

Dette viser hovudrapporten frå undersøkinga «Elever med hørselshemming i skolen. En kartleggingsundersøkelse om læringsutbytte».

Læringsutbyttet hos elevar med hørselshemming er svakare enn hos hørande elevar. Det som verkar inn, er graden av hørselstap, tilleggsvanskar, kjønn, minoritetsspråkleg bakgrunn og foreldra sitt utdanningsnivå. Dette vart presentert i ein kortrapport i januar 2011.

Nye funn i hovudrapporten

  • Hørselshemma barn som begynner å kommunisere tidlig, klarer seg betre på skolen. Dette gjeld uansett om dei begynner med tale eller teikn. Det er kommunikasjonen i seg sjølv som er viktig, og ikkje forma. Hørselshemma barn som bruker både tale og teikn, ser ut til å oppnå betre resultat over tid.
  • 44 % av kontaktlærarane har under to år med erfaring i å lære opp elevar med hørselshemming. 20 % har spesialpedagogisk vidareutdanning.
  • Over halvparten av elevane med hørselshemming går i store klasser.  45 % av foreldra ønskjer mindre grupper på skolen. 4 % ønskjer større grupper.
  • Under halvparten av elevane med hørselshemming får opplæring i lokale som har hørselsteknisk utstyr, og som er regulert for akustikk.

Verkemiddel frå Utdanningsdirektoratet

  • Vidareutvikle tilbod om deltidsopplæring for hørselshemma elevar i samarbeid med Statped.
  • Styrkje og vidareutvikle tilbod om rettleiing til skole- og barnehageeigarar, mellom anna gjennom å revidere «Veileder for barn og unge med hørselshemming».
  • Bidra til å samordne den pedagogiske oppfølginga av barn med cochleaimplantat (CI) i samarbeid med Helsedirektoratet.
  • Gjennomgå rutinane for å registrere karakterdata/grunnskolepoeng for elevar med hørselshemming.

Se også