Mobilbruk og ordensreglement

Kva kan skolane ta inn i ordensreglementet?

Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit ordensreglement. Det er opp til skoleeigaren å bestemme kva slags reglar som skal vere i ordensreglementet, innanfor dei rammene som opplæringslova, privatskolelova og menneskerettane fastset.

Ordensreglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane, og skal innehalde reglar om åtferd, kva slags tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglane og reglar om korleis slike saker skal behandlast. Skoleeigaren kan regulere mobilbruk i ordensreglementet, for eksempel kan ein forby bruk av mobiltelefon i timen.

Skoleeigaren kan ikkje krevje at mobiltelefonen fysisk er utanfor skolens område i ordensreglementet. Eit ordensreglement skal regulere forhold som forstyrrar undervisninga eller skaper tryggleiksmessige eller andre problem ved skolen. Ordensreglementet kan ikkje regulere fritida til elevane. Derfor er det å gå for langt å nekte dei å ha med seg mobiltelefonen på skolen.

Om mobiltelefonen ligg avslått i sekken i skoletida, vil han ikkje forstyrre undervisninga eller miljøet på skolen. Om elevane ikkje følgjer reglane, kan kommunen eller skolen fastsette tiltak mot elevane i ordensreglementet.

Kva slags tiltak kan skolane fastsette?

I ordensreglementet skal skoleeigaren òg fastsette kva slags tiltak som skolen skal kunne bruke mot elevar som bryt reglane. Når det gjeld mobilbruk kan eit tiltak vere at læraren tar mobiltelefonen frå eleven. Dette er eit tiltak for hindre forhold som forstyrrar undervisninga, altså eit ordenstiltak. Skolen kan ikkje behalde mobiltelefonen utover skoletida, eller etter at skoledagen er over sidan fritida til elevane er utanfor rammene av kva ordensreglementet kan regulere.

Kor lenge skolen kan behalde telefonen, må skolen vurdere ut frå kor alvorlig brotet er, kor mange gonger eleven gjentek brotet og kor skadeleg for undervisninga og ro og orden det er å gi han tilbake. Å behalde telefonen lenge, for eksempel ein heil dag, bør skolen vere forsiktige med, men det kan nokre gonger vere nødvendig.

Korleis skal skolen eller skoleeigaren fastsette ordensreglementet?

Kommunen eller fylkeskommunen har plikt til å sørgje for at kvar skole har eit ordensreglement. Ordensreglementet er ein forskrift. Det er ikkje nødvendig at kommunen sjølv vedtar ordensreglementet. Kommunen eller fylkeskommunen har myndigheit til å delegere arbeidet med å fastsette eit ordensreglement, til dømes til administrasjonen i kommunen eller til rektor.

Kommunen eller fylkeskommunen kan velje å vedta ei lokal forskrift om ordensreglementet som er felles for alle skolane. Ei anna moglegheit er at kommunen eller fylkeskommunen fastset nokre fellesregler for alle skolane, og at kvar skole gir utfyllande forskrifter om resten av ordensreglementet.

På skolar godkjent etter privatskolelova fastset skolestyret ordensreglementet.

Dei som ordensreglementet gjeld for, skal få moglegheit til å uttale seg før kommunen eller skolen vedtar, endrar eller opphevar reglementet. Dette følgjer av forvaltningslova § 37. Dette kan skolen gjere i praksis til dømes ved å sende eit forslag til ordensreglement til samarbeidsutvalet, skolemiljøutvalet, elevrådet, foreldrerådet og organisasjonane til dei tilsette ved skolen.