Rundskriv om forsøk etter opplæringslova
Dette rundskrivet omhandlar rammene for lokalt initierte forsøk og kva for krav som blir stilte til ein søknad om forsøk frå ein kommune eller fylkeskommune.
Dette rundskrivet erstattar det tidligare rundskrivet Forsøk etter opplæringsloven § 1-5 Udir-3-2013.
Opplæringslova § 29-3 gir departementet moglegheit til å innvilge forsøk. Kunnskapsdepartementet har delegert myndigheita til Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet kan derfor innvilge pedagogiske og/eller organisatoriske forsøk.
Føremålet med forsøk er å etablere eit erfaringsgrunnlag for å finne ut om nye eller alternative pedagogiske eller organisatoriske løysingar kan bidra til ei opplæring som er betre for elevane, lærlingane og dei vaksne deltakarane. Det overordna målet med forsøksverksemda er dermed å finne betre løysingar for opplæringssituasjonen, noko som igjen kan føre til endringar i regelverket.
Regelverket
Utdanningsdirektoratet kan innvilge lokalt initierte forsøk etter § 29-3 dersom følgjande vilkår er oppfylte:
- Søknaden kjem frå kommunen eller fylkeskommunen. Den enkelte skole kan ikkje søkje Utdanningsdirektoratet om forsøk.
- Forsøket er av pedagogisk og/eller organisatorisk art.
- Forsøket er etisk forsvarleg og godt fagleg underbygt.
- Forsøket skal ikkje svekkje dei grunnleggjande rettane elevane, lærlingane og dei vaksne deltakarane har.
- Forsøket er tidsavgrensa.
- Forsøket skal evaluerast. Etter at forsøket er gjennomført, skal det sendast ein rapport til Utdanningsdirektoratet.
I samband med godkjenning av eit forsøk kan det stillast vilkår. Sjå Prop. 57 L (2022-2023), pkt 64.5.1. Forsøksheimelen er ikkje ein ordinær unntaksheimel. Det betyr at heimelen ikkje kan brukast berre fordi det vanlege regelverket ikkje passar. Det er blant anna derfor forsøka skal vere tidsavgrensa.
Forsøksheimelen gjeld i utgangspunktet alle føresegna i opplæringslova og alle forskriftsreglane som er gitt med heimel i opplæringslova.
Paragraf 29-3 opnar også for sentralt initierte forsøk. I slike tilfelle kan Kunnskapsdepartementet eller Utdanningsdirektoratet invitere kommunar og fylkeskommunar til å delta i forsøk. Det er ikkje heimel for å påleggje kommunar og fylkeskommunar å delta i slike forsøk. Sjå Prop. 57 L (2022-2023), pkt 64.5.1.
Medverknad og informasjon
Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, blant anna når det gjeld kvalitetsutviklinga i opplæringa. Det står i opplæringslova § 10-4. Kommunen og fylkeskommunen bør derfor involvere brukerorgana ved skolen i drøftingar om forsøk.
Kommunen og fylkeskommunen skal gi elevar og foreldre nødvendig informasjon, blant anna om opplæringa. Det står i opplæringslova § 10-8. Dette betyr at kommunen eller fylkeskommunen bør informere foreldre og elevar om forsøket, og konsekvensane av å delta i det. Tilsvarande informasjon bør også bli gitt til lærlingar og/eller dei vaksne deltakarane der dette er aktuelt.
Kommunen og fylkeskommunen bør også, i kraft av å være arbeidsgivar, informere og drøfte forsøk med lærarorganisasjonane på den enkelte skole og på kommune-/fylkesnivå.
Saksgangen ved behandling av søknader om forsøk
Utdanningsdirektoratet mottar søknader om forsøk. I enkelte tilfelle kan det vere behov for ytterlegare opplysningar. Når saka er tilstrekkeleg opplyst, skriv Utdanningsdirektoratet ei innstilling til Kunnskapsdepartementet, som tar endeleg stilling til søknaden. Etter at Kunnskapsdepartementet har vurdert saka, sender Utdanningsdirektoratet deretter ut vedtaket.
Kva må gå fram av søknaden til Utdanningsdirektoratet?
Følgjande informasjon må gå fram av søknaden
- mål og hensikt med søknaden
- kva kommunen eller fylkeskommunen ønskjer å prøve ut
- kva for føresegn i opplæringslova eller tilhøyrande forskrift forsøket vil innebere eit avvik frå
- grunngitte behov for avvik frå lov og/eller forskrift
- framdriftsplan og når forsøket er meint å gå føre seg
- om grupper det vedkjem, til dømes organa for brukarmedverknad ved skolen, støttar søknaden om forsøk eller ikkje
- protokoller frå drøftingar med lærarorganisasjonane på den enkelte skole og lærarorganisasjonane på kommune- eller fylkesnivå
- beskriving av eventuelle samarbeidspartnarar og rettleiingsressursar
- plan for evaluering av forsøket (skolebasert, kommunebasert og/eller eksternt basert)