Læreplanverket definerer fem grunnleggjande ferdigheiter: lesing, skriving, rekning, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Desse ferdigheitene er del av den faglege kompetansen og nødvendige reiskapar for læring og fagleg forståing. Dei er òg viktige for utviklinga av identitet og sosiale relasjonar hos elevane og for å kunne delta i utdanning, arbeid og samfunnsliv.
Utvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene har betydning gjennom heile opplæringsløpet. Det går til dømes ei samanhengande linje frå den første lese- og skriveopplæringa til det å kunne lese avanserte faglege tekstar.
I undervisninga må dei grunnleggjande ferdigheitene sjåast både i samanheng med kvarandre og på tvers av fag. Dei grunnleggjande ferdigheitene høyrer heime i alle fag, men faga speler ulike roller i utviklinga av dei ulike ferdigheitene. Enkelte fag vil ha eit større ansvar enn andre. Utvikling av fagleg kompetanse skal derfor skje i samspel med utviklinga av grunnleggjande ferdigheiter i faget slik det er beskrive i læreplanane for faga. Lærarar i alle fag skal støtte elevane i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter.