Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa


Om overordna del

Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa er ein del av læreplanverket, og han er fastsett ved kongeleg resolusjon 1. september 2017 med heimel i opplæringslova § 1-5.


Formålet med opplæringa

Formålsparagrafen i opplæringslova lyder slik:


1. Verdigrunnlaget i opplæringa

Skolen skal byggje praksisen sin på verdiane i formålsparagrafen i opplæringslova.


1.1 Menneskeverdet

Skolen skal sørgje for at menneskeverdet og dei verdiane som støttar opp om det, blir lagt til grunn for opplæringa og heile verksemda.


1.2 Identitet og kulturelt mangfald

Skolen skal gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at kvar elev kan vareta og utvikle identiteten sin i ein inkluderande og mangfaldig fellesskap.


1.3 Kritisk tenking og etisk bevisstheit

Skolen skal bidra til at elevane blir nyfikne og stiller spørsmål, utviklar vitskapleg og kritisk tenking og handlar med etisk bevisstheit.


1.4 Skaparglede, engasjement og utforskartrong

Skolen skal la elevane utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong, og la dei få erfaring med å sjå moglegheiter og omsetje idear til handling.


1.5 Respekt for naturen og miljøbevisstheit

Skolen skal bidra til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen og klima- og miljøbevisstheit.


1.6 Demokrati og medverknad

Skolen skal gi elevane moglegheit til å medverke og til å lære kva demokrati betyr i praksis.


2. Prinsipp for læring, utvikling og danning


2.1 Sosial læring og utvikling

Skolen skal støtte og bidra til den sosiale læringa og utviklinga til elevane gjennom arbeid med faga og i skolekvardagen elles.


2.2 Kompetanse i faga

Skolen skal sjå opplæringa i fag i lys av dei verdiane og prinsippa som heile opplæringa byggjer på.


2.3 Grunnleggjande ferdigheiter

Skolen skal leggje til rette for og støtte elevane si utvikling av dei fem grunnleggjande ferdigheitene gjennom heile opplæringsløpet.


2.4 Å lære å lære

Skolen skal bidra til at elevane reflekterer over si eiga læring, forstår sine eigne læringsprosessar og tileignar seg kunnskap på sjølvstendig vis.


2.5 Tverrfaglege tema

Skolen skal leggje til rette for læring innanfor dei tre tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling.


2.5.1 Folkehelse og livsmeistring


2.5.2 Demokrati og medborgarskap


2.5.3 Berekraftig utvikling


3. Prinsipp for praksisen i skolen


3.1 Eit inkluderande læringsmiljø

Skolen skal utvikle inkluderande fellesskapar som fremjar helse, trivsel og læring for alle.


3.2 Undervisning og tilpassa opplæring

Skolen skal leggje til rette for læring for alle elevar og stimulere motivasjonen, lærelysta og trua på eiga meistring hos den enkelte.


3.3 Samarbeid mellom heim og skole

Opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen, og samarbeidet skal bidra til å styrkje læringa og utviklinga til elevane.


3.4 Opplæring i lærebedrift og arbeidsliv

Opplæring i lærebedrift og arbeidsliv skal gi praktisk erfaring og relevant kompetanse og førebu på dei faglege krava og forventningane som blir stilte i arbeidslivet.


3.5 Profesjonsfellesskap og skoleutvikling

Skolen skal vere ein profesjonsfagleg fellesskap der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over felles verdiar, og vurderer og vidareutviklar praksisen sin.