Mat og helse (MHE01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 1. trinn–4. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

 Kompetansemål etter 4. trinn

  • følgje prinsipp for god hygiene i samband med matlaging
  • bruke reiskap, rom- og vektmål og enkle teknikkar i samband med matlaging
  • kjenne att smakar i mat og undre seg over kvifor smak er noko vi opplever ulikt
  • fortelje om kva som kjenneteiknar sunn og variert mat og kvifor det er viktig for helsa
  • utnytte lokale matvarer i matlaging og presentere ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid
  • sortere avfall i samband med matlaging og forklare kvifor det er viktig å gjere det
  • lage enkle måltid og bidra til å skape ei triveleg ramme rundt måltid saman med andre
  • samtale om måltidsskikkar frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar, og om verdien av å ete saman med andre
  • samtale om korleis skulemåltidet kan bidra til ein god skulekvardag

Undervegsvurdering