Matematikk for økonomi (MAT12‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i matematikk for økonomi inneber å skape meining gjennom å samtale om bruk av matematikk innanfor økonomi. Det vil seie å vere med i samtalar, kommunisere idear og drøfte økonomiske problem, strategiar og løysingar med andre. Det handlar òg om å beskrive og diskutere abstrakte økonomiske omgrep.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i matematikk for økonomi inneber å beskrive og forklare økonomiske samanhengar, oppdagingar og idear ved hjelp av formålstenlege representasjonar. Å kunne skrive i matematikk for økonomi er ein reiskap i eiga læring og for å utvikle eigne tankar om korleis økonomi fungerer i samfunnet.
Å kunne lese
Å kunne lese i matematikk for økonomi inneber å forstå samfunnsfaglege og økonomiske tekstar. Det inneber å sortere, analysere, vurdere og samanfatte informasjon frå samansette tekstar og tekstar som nyttar økonomisk symbolspråk og fagomgrep.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i matematikk for økonomi inneber å bruke symbolspråk og matematiske omgrep og framgangsmåtar til å gjere berekningar og vurdere om løysingar er gyldige. Dette inneber å kjenne igjen økonomiske problem som kan løysast med matematikk, og å formulere spørsmål om desse. Det inneber òg å analysere og løyse ulike komplekse problem med effektive og formålstenlege strategiar og metodar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i matematikk for økonomi inneber å bruke digitale verktøy til å utforske, formulere og løyse økonomiske problem. Vidare vil det seie å finne, analysere, behandle og presentere informasjon ved hjelp av digitale verktøy. I faget er digitale verktøy som rekneark og dynamisk matematikkprogramvare sentrale hjelpemiddel.