Statistikk (MAT11‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i statistikk inneber å skape meining gjennom å samtale om statistikk. Det vil seie å vere med i samtalar, kommunisere idear og drøfte statistiske metodar, modellar, resultat og representasjonar med andre. Det handlar òg om å beskrive og diskutere statistiske omgrep.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i statistikk inneber å beskrive og forklare statistiske samanhengar, modellar og resultat ved hjelp av formålstenlege representasjonar. Å kunne skrive i statistikk er òg ein reiskap i eiga læring og for å utvikle eiga statistisk tenking.
Å kunne lese
Å kunne lese i statistikk inneber å forstå data, representasjon av data og statistiske tekstar. Lesing i statistikk inneber å sortere informasjon, å analysere og vurdere form og innhald og å samanfatte informasjon frå samansette tekstar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i statistikk inneber å bruke tal og variablar, statistisk symbolspråk og statistiske omgrep og metodar til å utføre utrekningar og vurdere om statistiske modellar og resultat er gyldige.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i statistikk inneber å bruke digitale verktøy til å utforske, formulere og løyse statistiske problem. Vidare vil det seie å finne, behandle, analysere og presentere informasjon med digitale verktøy. I faget er digitale verktøy som rekneark og dynamisk matematikkprogramvare sentrale hjelpemiddel.