Vg3 hudpleiar (HUD03‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter yrkesliv i hudpleiefaget

  • planleggje og gjennomføre konsultasjonar med kundar og utarbeide behandlings- og oppfølgingsplanar
  • gjere prisoverslag og rekne ut pris ved kjøp og sal av hudpleieprodukt og berekne avanse på produkt og behandlingar
  • vurdere passande hårfjerningsmetodar og drøfte ulike sider ved bruken av dei
  • planleggje, gjennomføre og vurdere spesialiserte ansiktsbehandlingar
  • bruke korrigeringsteknikkar og kamuflere endringar i huda, og vurdere resultatet
  • gjennomføre velvære-, spa- og kroppsbehandlingar og reflektere over forbetringspotensialet
  • bruke ulike teknikkar for og typar av massasje for ansikt og kropp og tilpasse behandlinga til kunden
  • planleggje, gjennomføre og vurdere manikyr- og pedikyrbehandlingar
  • gi råd om behandling av uønskt hårvekst og bruke ulike arbeidsmetodar og apparat for slik behandling
  • utforske og drøfte estetikk og trendar i hudpleiefaget
  • vurdere ny teknologi, nye produkt og behandlingsmetodar
  • setje i verk tiltak som sørgjer for hygiene og hindrar smitte
  • bruke fagterminologi og tilpasse språket til samtalepartnaren
  • planleggje, gjennomføre og vurdere marknadsføring og forretningsdrift
  • reflektere over ressursbruken i yrkesutøvinga og gjere miljøbevisste val
  • arbeide i tråd med yrkesetiske retningslinjer og opptre profesjonelt som hudpleiar
  • utføre arbeidet i tråd med ergonomiske prinsipp og regelverk for helse, miljø og sikkerheit
  • følgje opp eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet, og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering