Framandspråk (FSP01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter nivå II
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lytte til ogtydeleg tale om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
Å forstå er å oppfatte meininga med noko, skjøne kva som blir kommunisert eller korleis noko heng saman.
- samtale i ei rekkje daglegdagse situasjonar om kjende og fagleg relevante emne
- munnleg forklare fagleg relevante emne, skildre opplevingar, hendingar og planar, og grunngi meiningar, òg spontant
- lese ogulike typar tekstar, òg autentiske, om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
Å forstå er å oppfatte meininga med noko, skjøne kva som blir kommunisert eller korleis noko heng saman.
- skrive ulike teksttypar om personlege og fagleg relevante emne, og uttrykkje og grunngi eigne meiningar, med og utan hjelpemiddel
- grunnleggjande språklege strukturar, reglar for uttale og rettskriving og det offisielle alfabetet eller teikn for språket for å kommunisere på ein situasjonstilpassa måte
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar, digitale ressursar og erfaringar frå tidlegare språklæring i læringsprosessen
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Forklaring til kompetansemål
Dette handlar om å bruke kunnskap om språklege likskapar og ulikskapar mellom framandspråket og andre språk eleven kan, i eiga språklæring.
- og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
mangfald, samfunnsforhold og historiske hendingar i område der ein snakkar språket, og sjå samanhengar med eigen bakgrunnÅ gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
kunstnarlege og kulturelle uttrykk frå område der ein snakkar språket, ogÅ presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
eigne opplevingarÅ gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
Forklaring til kompetansemål
Dette kan t.d. vere biletkunst, kunst, musikk, drama, film, litteratur og/eller arkitektur.
Undervegsvurdering
eUndervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i framandspråk på nivå II når dei forstår og bruker språket munnleg og skriftleg i daglegdagse situasjonar og i kommunikasjon om fagleg relevante emne, med og utan hjelpemiddel. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei får anledning til å beskrive og reflektere over språket, samfunnet og kulturen der ein snakkar språket.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å ta i bruk varierte strategiar og læringsressursar. Læraren skal leggje til rette for at elevane kan utvikle leseferdigheiter og munnlege og skriftlege ferdigheiter gjennom å vere kreative og prøve seg fram, åleine og saman med andre. Elevane skal få oppleve at det å prøve seg fram er ein del av det å lære eit språk. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i framandspråk. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevana kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å forstå og gjere seg forstått på framandspråket i kjende og ukjende kommunikasjonssituasjonar, munnleg og skriftleg.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i framandspråk ved avslutninga av opplæringa på nivå II. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i framandspråk nivå II basert på den kommunikative og interkulturelle kompetansen til eleven, der både munnleg og skriftleg forståing og formidlingsevne blir tillagde like stor vekt.