Engelsk (ENG01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter 2. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- digitale ressursar for å oppleve språket via autentiske språkmodellar og samtalepartnarar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- til og kjenne att språklydar og stavingar i ord
Å lytte vil seie å sanse, oppfatte og gi meining til noko som blir uttrykt auditivt, visuelt eller taktilt i munnleg samhandling med andre, anten i direkte kommunikasjon eller gjennom digitale medium.
- kople språklydar til bokstavar og stavemønster og trekkje bokstavlydar saman til ord
- til og
Å lytte vil seie å sanse, oppfatte og gi meining til noko som blir uttrykt auditivt, visuelt eller taktilt i munnleg samhandling med andre, anten i direkte kommunikasjon eller gjennom digitale medium.
det engelske alfabetet og uttalemønster i leik- og songaktivitetarÅ utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- oppdage høgfrekvente ord og frasar i ulike typar tekstar
- stille og svare på enkle spørsmål, følgje enkle instruksjonar ognokre høflegheitsuttrykk
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- delta i innøvde dialogar og spontane samtalar om eigne behov og kjensler, daglegliv og interesser
- oppdage ord som er felles for engelsk og andre språk eleven kjenner til
Forklaring til kompetansemål
Med «andre språk eleven kjenner til» meiner vi alle språk eleven har noko kunnskap om. Dette kan vere morsmålet og andre språk eleven snakkar, eller språk eleven har møtt på reise eller i andre samanhengar og kan nokre ord på. All slik språkkunnskap kan vere til nytte for å lære engelsk.
- til, lese og samtale om innhald i enkle tekstar, inkludert biletbøker
Å lytte vil seie å sanse, oppfatte og gi meining til noko som blir uttrykt auditivt, visuelt eller taktilt i munnleg samhandling med andre, anten i direkte kommunikasjon eller gjennom digitale medium.
- lese og eksperimentere med å skrive kjende ord, frasar og enkle setningar
- tileigne seg ord og kulturell kunnskap gjennom engelskspråkleg barnelitteratur og barnekultur
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i engelsk på 1. og 2. trinn når dei utforskar og bruker språket i lytting, leik og samtalar. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei forstår og gjer seg forståtte på engelsk.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å ta i bruk varierte strategiar og læringsressursar for å utvikle leseferdigheitene og dei munnlege og skriftlege ferdigheitene til elevane. Læraren skal la elevane vere aktive, utforske og bruke sansane sine i varierte opplevingar av innlæringa av språket. Elevane skal få oppleve at det å prøve seg fram åleine og saman med andre er ein del av det å lære eit språk. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i engelsk. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å forstå og gjere seg forståtte på engelsk, munnleg og skriftleg.