Bilfaget, demontering av køyretøy (BDK03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg3 før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeidsoppdrag i tråd med internkontrollen og kvalitetssikringa i bedrifta og reflektere over personvern og datasikkerheit
  • vurdere og handtere kjemikaliar, batteri, gassar, råvarer og avfall ved hjelp av produkt- og sikkerheitsdatablad etter gjeldande reglar og rutinar og gjere greie for konsekvensar av feilhandtering
  • bruke testutstyr, lese feilkodar og vurdere tilstanden på komponentar
  • lage demonteringsliste til demonteringsobjekt på grunnlag av salsstatistikk og førespurnader
  • fotodokumentere, vurdere og registrere relevante opplysningar om køyretøyet for vidare behandling
  • registrere skadeomfang på køyretøy og vurdere kva komponentar som kan ombrukast
  • risikovurdere demontering av ulike komponentar, gjere greie for sikkerheitstiltak som bør setjast i verk, og evaluere korleis sikkerheitsarbeidet kan førebyggje ulukker og skader
  • demontere, vurdere og registrere komponentar som skal ombrukast
  • velje og bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk, og reflektere over korleis ulike arbeidsstillingar påverkar kroppen fysisk
  • handtere syntetiske og naturlege kuldemedium forsvarleg med omsyn til miljø og sikkerheit etter gjeldande lov- og regelverk
  • handtere høgenergikomponentar og høgvoltsbatteri etter gjeldande regelverk og gjere greie for sikkerheitstiltak som må setjast i verk
  • gjere greie for oppbygginga av ulike køyretøy, inkludert motor, drivlinje, bremser, elektriske system og karosseri
  • bruke ulike demonteringsmetodar og vurdere dei med omsyn til økonomi og helse, miljø og sikkerheit
  • bruke og vurdere teknisk dokumentasjon og rettleiingar for demontering av spesifikke køyretøy og delar
  • bruke og halde ved like verktøy og utstyr som blir brukt til demontering av køyretøy, og gjere greie for konsekvensar av manglande kontroll og vedlikehald
  • følgje reglane og rutinane bedrifta og bransjen har for vidare handtering av varer for gjenvinning eller sal
  • bruke og tilpasse fagspråk i kommunikasjon med kollegaer, kundar og andre samarbeidspartnarar
  • gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og over kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv

Undervegsvurdering