Nynorsk som hovudmål

Norsk språk omfattar dei to likestilte skriftspråka bokmål og nynorsk. Begge skriftspråka skal kunne brukast i alle delar av samfunnet, og retten til å velje fritt om ein vil bruke nynorsk i skriftlege arbeid er ein av dei grunnleggande språklege rettane i Noreg.

Kommunane fastset om bokmål eller nynorsk skal vere hovudmål for grunnskolane. Hovudmålet skal brukast i alle skriftlege oppgåver og meldingar til elevane. Dersom minst ti elevar på eitt av trinna 1–7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å få opplæring i ei eiga elevgruppe. Du kan lese meir om dette i artikkelen Målformer i grunnskulen.

Frå 8. trinn kan elevane velje om dei vil bruke nynorsk eller bokmål som hovudmål i dei skriftlege arbeida sine. I mange delar av landet vel dei aller fleste elevane bokmål, andre stader vel dei aller fleste nynorsk, men det er også mange grunnskolar og vidaregåande skolar som både har elevar med bokmål og nynorsk som hovudmål i klasseromma sine. Då skal opplæringa i faga sikre at alle elevane blir trygge språkbrukarar som utviklar den språklege identiteten sin, uansett kva hovudmål dei har.

Norskfaget har eit særleg ansvar for at elevane lærer å uttrykkje seg med stadig større språkleg tryggleik. Det kan du lese om i tekstane i "Om faget" i læreplanen i norsk.

Du kan lese meir om språkleg identitet og mangfald i kapitlet "Verdigrunnlaget i opplæringa" i overordna del av læreplanverket.

Skoleeigar har ansvar for at rettane til god språkopplæring og læremiddel på nynorsk blir følgde i praksis. Retten til læremiddel gjeld uavhengig av kor mange elevar som bruker nynorsk ved skolen. Sjå forskrift til opplæringslova § 17-3.