Kompetansemål etter 4. årssteget

Tal

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • beskrive og bruke plassverdisystemet for dei heile tala, bruke positive og negative heile tal, enkle brøkar og desimaltal i praktiske samanhengar og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
  • gjere overslag over og finne tal ved hjelp av hovudrekning, teljemateriell og skriftlege notat, gjennomføre overslagsrekning og vurdere svar
  • utvikle, bruke og samtale om ulike reknemetodar for addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal både i hovudet og på papiret
  • utvikle og bruke varierte metodar for multiplikasjon og divisjon, bruke dei i praktiske situasjonar og bruke den vesle multiplikasjonstabellen i hovudrekning og i oppgåveløysing
  • finne informasjon i tekstar eller praktiske samanhengar, velje rekneart og grunngje valet, bruke tabellkunnskap og utnytte samanhengar mellom rekneartane, vurdere resultatet og presentere løysinga
  • kjenne att, eksperimentere med, beskrive og vidareføre strukturar i talmønster
  • bruke matematiske symbol og uttrykksmåtar for å uttrykkje matematiske samanhengar i oppgåveløysing

Geometri

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • kjenne att, beskrive trekk ved og sortere sirklar, mangekantar, kuler, sylindrar og polyeder
  • teikne, byggje, utforske og beskrive geometriske figurar og modellar i praktiske samanhengar, medrekna teknologi og design
  • kjenne att, bruke og beskrive spegelsymmetri og parallellforskyving i konkrete situasjonar
  • lage og utforske geometriske mønster og beskrive dei munnleg
  • lese av, plassere og beskrive posisjonar i rutenett, på kart og i koordinatsystem, både med og utan digitale verktøy

Måling

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • gjere overslag over og måle lengd, areal, volum, masse, temperatur, tid og vinklar, samtale om resultata og vurdere om dei er rimelege
  • bruke ikkje-standardiserte måleiningar og forklare formålet med å standardisere måleiningar og bruke og gjere om mellom vanlege måleiningar
  • samanlikne storleikar ved hjelp av høvelege målereiskapar og enkel berekning, presentere resultata og vurdere om dei er rimelege
  • løyse praktiske oppgåver som gjeld kjøp og sal

Statistikk

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • samle, sortere, notere og illustrere data på formålstenlege måtar med teljestrekar, tabellar og søylediagram, med og utan digitale verktøy, og samtale om prosess og framstilling

Side 7 Av 14

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!