Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål og vurdering etter mattryggleik

  • sikre trygg matproduksjon gjennom å praktisere god personleg hygiene, produksjonshygiene og næringsmiddelhygiene, i samsvar med rutinane og regelverket til verksemda, og gjere greie for konsekvensar av avvik

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • praktisere personleg hygiene og følgje retningslinjer for næringsmiddel- og produksjonshygiene og reflektere over konsekvensar av å bryte retningslinjene
  • forstå og arbeide i tråd med kvalitetssystem og reflektere over kor viktig dette arbeidet er for verksemda, kundane og samarbeidspartnarane

    Byggjer på kompetansemål etter bransje og arbeidsliv (KOS02-01)

    • følgje gjeldande lover og forskrifter for bransjen og gjere greie for rolla til tilsynsmyndigheitene

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • gjere greie for fareanalyse og risikovurdering og forstå samanhengen mellom matborne sjukdommar og trygg mat
  • gjennomføre mottakskontroll og lagerrullering og vurdere samanhengen mellom kvalitet, vareflyt, svinn og ressursutnytting

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • kontrollere råvarekvalitet ved varemottak, vurdere om varene er leverte i samsvar med bestilling, og utføre avviksbehandling
  • bruke verktøy, maskiner og utstyr på ein kvalifisert måte, utføre førebyggjande dagleg vedlikehald av maskiner og utstyr og gjere greie for konsekvensar ved avvik

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • montere, kontrollere, bruke og reingjere handverktøy, maskiner og utstyr og justere ved avvik
  • følgje krav og rutinar for merking og sporing og gjere greie for konsekvensar ved avvik

    Byggjer på kompetansemål etter bransje og arbeidsliv (KOS02-01)

    • følgje gjeldande lover og forskrifter for bransjen og gjere greie for rolla til tilsynsmyndigheitene

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • berekne pris og næringsinnhald i produkt for å kunne emballere og merke varene etter gjeldande regelverk
  • reflektere over korleis ønskte og uønskte mikroorganismar kan påverke råvarer, halvfabrikat og ferdigvarer, og gjere greie for tiltak for å styre førekomsten

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • bruke ulike konserveringsmetodar og gjere greie for samanhengen mellom konservering, haldbarheit og livsvilkåra for mikroorganismar
  • nytte emballerings- og lagringsmetodar og gjere greie for korleis dette påverkar kvalitet og ressursutnytting

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • berekne pris og næringsinnhald i produkt for å kunne emballere og merke varene etter gjeldande regelverk
  • gjere greie for og handtere avfall i verksemda og reflektere over korleis avfall og utslepp påverkar miljøet

    Byggjer på kompetansemål etter bransje og arbeidsliv (KOS02-01)

    • gjere berekraftige og etiske val ved innkjøp, produksjon og avfallshandtering og reflektere over korleis overskotsvarer kan utnyttast
  • gjere greie for og følgje rutinar for skadedyrnedkjemping i verksemda

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • gjere greie for fareanalyse og risikovurdering og forstå samanhengen mellom matborne sjukdommar og trygg mat

Undervegsvurdering