Kokkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (KOK05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter måltidsutvikling, berekraft og ernæring
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere produksjon og presentasjon av menyar og måltid ut frå høve, råvaretilgang, tradisjonar og trendar
- nytte kreativitet og fagkunnskap ved utvikling av oppskrifter og tillaging av rettar og reflektere over samspelet mellom råvarer, metodar og teknologi
- utvikle komplette måltid og menyar og reflektere over korleis dette kan bidra til matglede og gode måltidsopplevingar
- tolke og rekne med nærings- og energiinnhald, og rekne om mellom ulike samansette einingar knytte til restaurant- og matfag (Henta frå læreplan i matematikk P)
- vurdere og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå faglege kriterium og kunnskap om språk (Henta frå læreplan i engelsk)
- gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen måltidsutvikling, berekraft og ernæring når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen måltidsutvikling, berekraft og ernæring. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i måltidsutvikling, berekraft og ernæring. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
