Kokkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (KOK05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter demokrati, yrkesidentitet og arbeidsliv
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- gjere greie for organiseringa av verksemda, rettane og pliktene til arbeidstakaren og arbeidsgivaren, korleis partane i arbeidslivet samarbeider, og korleis dette bidreg til å utvikle eit betre arbeidsliv
- gjere greie for faktorar som påverkar dei økonomiske resultata frå verksemda, og gjennomføre enkle kalkulasjonar i produksjon, sal og servering av mat og drikke ER "frå" RIKTIG?
- reflektere over korleis samhandling i eit fagleg og kollegialt yrkesfellesskap kan fremje likeverd og likestilling
- beskrive måla og historia til verksemda og reflektere over korleis dette påverkar den daglege drifta
- gjere greie for rammevilkår, lover og forskrifter og forklare kva rolle tilsynsmaktene har overfor verksemda
- utvikle fagidentitet gjennom å bruke faguttrykk og tileigne seg kunnskap og kommunisere presist og forståeleg i samhandling med kollegaer, gjester og samarbeidspartnarar
- følgje rutinar og reglar for helse, miljø og sikkerheit, bruke verneutstyr, jobbe ergonomisk rett, utføre førstehjelp og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen demokrati, yrkesidentitet og arbeidsliv når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen demokrati, yrkesidentitet og arbeidsliv. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i demokrati, yrkesidentitet og arbeidsliv. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
