Kokkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (KOK05‑01)
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Før fagprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen som er laga ut frå læreplanen i vg3 kokkfaget (KOK03-02). Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i kokkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne skal avsluttast med ei fagprøve. Fagprøva lagast ut frå læreplanen i vg3 kokkfaget (KOK03-02). Alle skal opp til fagprøva som skal gjennomførast over to vyrkedagar.
