Forskrift til opplæringslova
§ 11-10. Gjennomgått vidaregåande opplæring i skole i Kunnskapsløftet
Reglane nedanfor gjeld for godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Vg1 i utdanningsprogrammet for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Alle andre Vg1 blir godskrive med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år.
Vg2 som er fastsett for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Andre Vg2 i det utdanningsprogrammet som er fastsett for det aktuelle lærefaget blir godskrivne med 1/2 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år. Alle andre Vg2 blir godskrivne med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år.
Vg3 i skole som byggjer på det same Vg2 som det aktuelle lærefaget, blir godskrive med 1/2 år, og inntil 1 år dersom læretida i faget utgjer meir enn 4 år. Andre Vg3 blir ikkje godskrivne.
0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-15), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 25 jan 2017 nr. 80 (i kraft 1 feb 2017), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).