Salsfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (SLG05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter service og relasjonar
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- gjere greie for argumentasjonen til andre og bruke og følgje opp innspel frå andre i samtalar og diskusjonar om yrkesrelevante emne (Henta frå læreplan i engelsk)
- tilpasse kommunikasjonen og utøvinga av service til ulike arbeidssituasjonar og arbeidsplattformer
- følgje retningslinjer og lovverk og bruke lokalt handlingsrom i behandling av reklamasjon og klagar
- reflektere over dei etiske retningslinjene og verdiane til bedrifta og følgje desse i ulike arbeidssituasjonar
- utforske og presentere kva det inneber å respektere og forstå ulike kulturar, og ta omsyn til dette i møte med kollegaer, kundar og andre samarbeidspartnarar
- utforske betydninga av service, produktkunnskap og forbrukaråtferd i kunderettleiinga og bruke dette til å tilpasse service og rettleie ulike kundegrupper på ulike salsplattformer
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen service og relasjonar når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen service og relasjonar. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i service og relasjonar. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
