Salsfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (SLG05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter regelverk og arbeidsliv
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- utforske og presentere område og regelverk innanfor helse, miljø og sikkerheit og gjere greie for tiltak i bedrifta og for eiga rolle og eige høve til å medverke
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
- reflektere over kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv i salsbransjen
- gjere greie for beredskapsplanane til bedrifta og eiga rolle i konflikt- og nødssituasjonar og gjennomføre førstehjelp
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen regelverk og arbeidsliv når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen regelverk og arbeidsliv. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i regelverk og arbeidsliv. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
