Marknadsføring og leiing (MFL01‑04)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I marknadsføring og leiing handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å vurdere etiske og ansvarlege val for verksemder med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold i samfunnet. Dette inneber at verksemder har eit ansvar for å bidra til berekraftig utvikling gjennom visjonar, forretningsidear og overordna mål og ved val av tiltak og strategiar i dei ulike prosessane i marknadsføringa.