Marknadsføring og leiing (MFL01‑04)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Marknadsføring og leiing handlar om å tilpasse produkt og tenester til marknader og målgrupper og innsikt i korleis marknadsføring, leiing og avgjerder heng saman. Faget skal bidra til at elevane forstår kva som påverkar marknader, og korleis marknadsføring påverkar verdiskapinga i samfunnet. Faget skal førebu elevane på vidare studium og eit samfunns- og arbeidsliv med behov for konkurransedyktige og framtidsretta verksemder.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Marknadsføring og leiing skal bidra til skaparglede, engasjement, kreativitet og utforskartrong gjennom verkelegheitsnære og praktiske problemstillingar som belyser tema og problemstillingar i faget. Faget skal fremje den kritiske tenkinga og det etiske medvitet til elevane gjennom refleksjon over samfunnsansvaret og handlingsrommet verksemdene har innanfor gjeldande regelverk.