Marknadsføring og leiing (MFL01‑04)
Kjerneelement
Marknadsanalyse og innsikt
Kjerneelementet marknadsanalyse og innsikt handlar om innhenting og vurdering av informasjon og analysar som gir overordna perspektiv på marknader, målgrupper og behova deira. Det handlar òg om refleksjonar over korleis marknads- og samfunnsutvikling dannar grunnlag for å ta framtidsretta avgjerder av betydning for marknadsføring og leiing.
Marknadsstrategiske vurderingar
Kjerneelementet marknadsstrategiske vurderingar handlar om å vurdere og velje tiltak og verkemiddel for å nå måla til verksemdene. Det handlar òg om å utvikle og grunngi heilskaplege marknadsstrategiar og gjere etiske og berekraftige vurderingar og avgjerder i eit leiingsperspektiv. Det handlar òg om korleis marknadsføring, leiing og avgjerder heng saman.
Fagleg kreativitet og problemløysing
Kjerneelementet fagleg kreativitet og problemløysing handlar om å opne opp for nye idear som bidreg til å skape forandring og fornying for å løyse marknadsstrategiske problemstillingar og nå måla til verksemda. Det handlar om at kreativ tenking er nødvendig for å skape og gjennomføre nye idear. Det inneber å vurdere nye idear og løysingar med bakgrunn i innsikt om marknader og behova til målgruppa. Det handlar òg om etisk medvit i arbeid med fagleg kreativitet og problemløysing.