Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter måltidsutvikling, berekraft og ernæring

  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere produksjon og presentasjon av menyar og måltid ut frå høve, råvaretilgang, tradisjonar og trendar

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • planleggje, produsere, dokumentere og vurdere produkt ut frå oppskrift, ønskt mengd, råvareval, produksjonsmetode og produktbeskriving
  • nytte kreativitet og fagkunnskap ved utvikling av oppskrifter og tillaging av rettar og reflektere over samspelet mellom råvarer, metodar og teknologi

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • utnytte produksjonseigenskapane til råvarene og gjere greie for kva som skjer med råvarene i ein produksjonsprosess og under lagring og omsetning
  • utvikle komplette måltid og menyar og reflektere over korleis dette kan bidra til matglede og gode måltidsopplevingar

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • klargjere lokale for servering og sal og utarbeide menyar, plakatar og salsmateriell
  • tolke og rekne med nærings- og energiinnhald, og rekne om mellom ulike samansette einingar knytte til restaurant- og matfag (Henta frå læreplan i matematikk P)
  • vurdere og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå faglege kriterium og kunnskap om språk (Henta frå læreplan i engelsk)
  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)

Undervegsvurdering