Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter demokrati, yrkesidentitet og arbeidsliv

  • gjere greie for organiseringa av verksemda, rettane og pliktene til arbeidstakaren og arbeidsgivaren, korleis partane i arbeidslivet samarbeider, og korleis dette bidreg til å utvikle eit betre arbeidsliv

    Byggjer på kompetansemål etter bransje og arbeidsliv (KOS02-01)

    • drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
  • gjere greie for faktorar som påverkar dei økonomiske resultata frå verksemda, og gjennomføre enkle kalkulasjonar i produksjon, sal og servering av mat og drikke ER "frå" RIKTIG?

    Byggjer på kompetansemål etter bransje og arbeidsliv (KOS02-01)

    • drøfte etiske, praktiske og økonomiske problemstillingar knytte til produksjon, servering og sal av mat og drikke

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • berekne pris og næringsinnhald i produkt for å kunne emballere og merke varene etter gjeldande regelverk
  • reflektere over korleis samhandling i eit fagleg og kollegialt yrkesfellesskap kan fremje likeverd og likestilling
  • beskrive måla og historia til verksemda og reflektere over korleis dette påverkar den daglege drifta
  • gjere greie for rammevilkår, lover og forskrifter og forklare kva rolle tilsynsmaktene har overfor verksemda
  • utvikle fagidentitet gjennom å bruke faguttrykk og tileigne seg kunnskap og kommunisere presist og forståeleg i samhandling med kollegaer, gjester og samarbeidspartnarar
  • følgje rutinar og reglar for helse, miljø og sikkerheit, bruke verneutstyr, jobbe ergonomisk rett, utføre førstehjelp og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø

    Byggjer på kompetansemål etter bransje og arbeidsliv (KOS02-01)

    • utføre grunnleggjande førstehjelp

    Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)

    • bruke verneutstyr, arbeide ergonomisk riktig og reflektere over betydninga av å følgje retningslinjene for eit trygt arbeidsmiljø

Undervegsvurdering