Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter grunnleggjande sjukepleie

  • gjere greie for dei vanlegaste sjukdommane hos barn, unge og eldre, foreslå tiltak og delta i grunnleggjande sjukepleie (Henta frå læreplan i vg2 helsearbeiderfag)
  • forklare kva allmenntilstand er, gjere greie for dei vanlegaste teikna og symptoma på sjukdommar og skadar og kjenne att sjukdomsforverring (Henta frå læreplan i vg2 helsearbeiderfag)
  • planleggje og gjennomføre grunnleggjande sjukepleie for akutt og kronisk sjuke og menneske med samansette og komplekse behov
  • observere symptom på psykiske lidingar og rusmisbruk og foreslå tiltak
  • identifisere teikn på omsorgssvikt, vald og overgrep og andre urovekkjande forhold, og setje i verk tiltak i tråd med rutinane og prosedyrane til verksemda
  • gi heilskapleg omsorg til alvorleg sjuke og døyande og ta vare på dei pårørande
  • observere og vurdere systematisk tilstand og endringar hos pasientar og brukarar og dokumentere i digitale journalsystem
  • følgje gjeldande regelverk for legemiddelhandtering og observere, rapportere og dokumentere verknadene og biverknadene av legemiddel
  • bruke relevant medisinsk utstyr ved observasjon og vurdering av tilstanden til pasientar og brukarar
  • drøfte kva betydning mikroorganismar har for kropp og helse (Henta frå læreplan i naturfag)

Undervegsvurdering