Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter livskvalitet og helsekompetanse

  • vurdere, planleggje og gjennomføre tiltak som aukar helsekompetansen til pasientar og brukarar
  • beskrive korleis kroppen er bygd opp, og forklare korleis han fungerer (Henta frå læreplan i vg1 helse- og oppvekstfag)
  • kartleggje funksjonsnivået og omsorgsbehovet til pasientar og brukarar og utføre grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid tilpassa brukarar og pasientar i alle aldrar
  • planleggje og gjennomføre tiltak som fremjar trivsel og bidreg til auka livskvalitet for brukarar og pasientar gjennom livsløpet
  • vareta pasient- og brukarmedverknad i arbeidet
  • identifisere og kartleggje ernæringsbehov hos brukarar og pasientar i samarbeid med andre yrkesgrupper og lage til måltid som er i tråd med kostråda frå helsemyndigheitene
  • bruke digitale kommunikasjonsverktøy og rettleie pasientar, brukarar og pårørande om bruk av slike verktøy
  • gjere greie for strategiar for konflikthandtering og førebyggje konfliktar i praksis
  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
  • lytte til, forstå og bruke fagterminologi munnleg og skriftleg i arbeidssituasjonar (Henta frå læreplan i engelsk)
  • tolke og bruke samansette måleiningar i praktiske samanhengar og velje eigna måleining (Henta frå læreplan i matematikk P)

Undervegsvurdering