Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter profesjonalitet i helsearbeidarfaget

  • reflektere over kva det vil seie å vere ein profesjonell helsefagarbeidar, og praktisere dette i yrkesutøvinga
  • vise empati og reflektere over eigne haldningar og åtferd og kva det vil seie å vise endringsvilje (Henta frå læreplan i vg2 helsearbeiderfag)
  • kommunisere, samhandle og bruke relasjonskompetanse i møte med pasientar, brukarar og pårørande frå ulike kulturar og med ulik moglegheit til å kommunisere
  • utføre fagleg og etisk forsvarleg helsehjelp i tråd med gjeldande regelverk
  • forstå og overhalde gjeldande regelverk om teieplikt og personvern og vise digital dømmekraft
  • utføre arbeid etter gjeldande retningslinjer for hygiene og gjennomføre smitteverntiltak
  • følgje gjeldande regelverk ved bruk av tvang og reflektere over eigen maktposisjon i møte med pasientar og brukarar
  • gjennomføre arbeidet etter gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit, følgje rutinar for uønskte hendingar og internkontrollar og arbeide for kontinuerleg kvalitetsforbetring
  • utføre førstehjelp etter gjeldande retningslinjer og følgje rutinar for varsling
  • bruke ergonomiske prinsipp i yrkesutøvinga
  • vareta eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen

Undervegsvurdering