Ernæringskokkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (EKF05‑01)
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Før fagprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen som er laga ut frå læreplanen i vg3 ernæringskokkfaget (EKF03-01). Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i ernæringskokkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne skal avsluttast med ei fagprøve. Fagprøva lagast ut frå læreplanen i vg3 ernæringskokkfaget (EKF03-01). Alle skal opp til fagprøva som skal gjennomførast over to vyrkedagar.
