Ernæringskokkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (EKF05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter ernæring, måltidsutvikling og folkehelse
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- reflektere over korleis kosthald påverkar folkehelsa, og nytte kompetansen i utvikling av menyar og måltid
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere produksjon av ernæringsriktig mat og spesialkost ut frå ut frå oppskrift, råvaretilgang, produksjonsmetode og beskriving
- kommunisere med ulike brukargrupper og ta omsyn til høve, årstid, behov, ulike religionar og kulturar i tillaginga av mat og måltid
- velje eigna råvarer og tillagingsmetodar i utvikling av menyar og måltid og drøfte korleis råvarer og metodar tek omsyn til ernæringsmessig kvalitet og behovet til brukarane
- porsjons- og næringsberekne rettar og menyar for brukargrupper med behov for ulike diettar og forklare kva omsyn ein må ta ved servering under kort- og langtidsopphald
- tolke og rekne med nærings- og energiinnhald, og rekne om mellom ulike samansette einingar knytte til restaurant- og matfag (Henta frå læreplan i matematikk P)
- vurdere og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå faglege kriterium og kunnskap om språk (Henta frå læreplan i engelsk)
- gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen ernæring, måltidsutvikling og folkehelse når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen ernæring, måltidsutvikling og folkehelse. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i ernæring, måltidsutvikling og folkehelse. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
