Produksjonsteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (PRT05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter forebyggjande vedlikehald
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- gjennomføre førebyggjande vedlikehald, inspeksjonar og feilsøking etter instruks og rapportere feil og avvik
- gjennomføre og dokumentere periodisk vedlikehald etter spesifikasjonane til leverandøren og interne prosedyrar
- lytte til, forstå og bruke fagterminologi munnleg og skriftleg i arbeidssituasjonar (Henta frå læreplan i engelsk)
- lese og samanfatte fagleg innhald frå engelskspråkleg dokumentasjon (Henta frå læreplan i engelsk)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen forebyggjande vedlikehald når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen forebyggjande vedlikehald. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i forebyggjande vedlikehald. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
