Produksjonsteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (PRT05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- bruke maskiner og utstyr til å omarbeide aktuelle materiale i tråd med gjeldande helse-, miljø- og sikkerheitsrutinar og sørgje for orden og reinhald på arbeidsplassen (Henta frå læreplan i vg2 industriteknologi)
- beskrive og reflektere over betydninga av resirkulering og materialgjenvinning (Henta frå læreplan i vg2 industriteknologi)
- anvende sikkerheitsdatablad og andre typar kjemikaliedokumentasjon og utføre risikoanalyse for kjemikaliar som blir brukte på arbeidsplassen (Henta frå læreplan i vg1 teknologi- og industrifag)
- gjennomføre ein risikoanalyse, reflektere over resultatet, registrere avvik og foreslå tiltak
- behandle biprodukt i tråd med systemet i bedrifta for kjeldesortering og avfallshandtering
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen helse, miljø og sikkerheit når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen helse, miljø og sikkerheit. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i helse, miljø og sikkerheit. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
