Produksjonsteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (PRT05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter produksjon og drift
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- utarbeide og bruke ein produksjonsplan ut frå ein produksjonsordre
- gjennomføre oppstarts- og nedstengingsprosedyrar på produksjonsmaskiner og -utstyr og stille inn produksjonsparametrar
- setje i drift og optimalisere produksjonsprosessen ut frå omsynet til effektivitet og berekraftig ressursutnytting
- registrere produksjonsdata i produksjonsstyringssystemet i bedrifta
- tolke og bruke kvalitetsstyringssystemet i bedrifta og gjennomføre kvalitetstestar og kvalitetskontrollar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen produksjon og drift når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen produksjon og drift. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i produksjon og drift. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
