Sosiologi og sosialantropologi (POS04‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I sosiologi og sosialantropologi handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om samanhengar mellom identitetsdanning, sosialt samspel og kommunikasjon. Det handlar om korleis sosial bakgrunn og sosialiseringsprosessar påverkar identitet, levemåte og eiga velferd. Det handlar òg om å reflektere over eigne moglegheiter til å medverke i og påverke samfunnet gjennom ulike sosialiseringsprosessar.
Demokrati og medborgarskap
I sosiologi og sosialantropologi handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om demokratiske verdiar og demokratiske spelereglar i eit mangfaldig samfunn, lokalt, nasjonalt og globalt. Det handlar òg om sosiale strukturar og sosiale prosessar som fører til ein aktiv medborgarskap og motverkar utanforskap, og å utvikle eit aktivt og kritisk blikk på eksisterande sosiale strukturar.
Berekraftig utvikling
I sosiologi og sosialantropologi handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis sosiale handlingar har innverknader på og konsekvensar for livsgrunnlaget og dei sosiale omgivnadene no og i framtida. Det handlar òg om samanhengen mellom sosiale, teknologiske og økonomiske skilnader og korleis desse samanhengane påverkar moglegheitene menneska har til å skape berekraftige samfunn.