Sosiologi og sosialantropologi (POS04‑01)
Kjerneelement
Samfunnsvitskapleg metode og kjeldebruk
Kjerneelementet samfunnsvitskapleg metode og kjeldebruk handlar om å gi elevane innsikt i samfunnsvitskapleg forsking og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar. Det inneber kunnskap om og bruk av metodar, analyseverktøy og teoriar. Det handlar òg om etiske omsyn og kritisk og variert kjeldebruk.
Sosialisering og medborgarskap
Kjerneelementet sosialisering og medborgarskap handlar om korleis vi søkjer tilhøyrsel i små og store fellesskap, og korleis vi blir påverka og påverkar i sosialt samspel og kommunikasjon gjennom heile livet. Det omfattar òg sosiale og teknologiske endringar, og korleis desse påverkar individ og samfunn. Kjerneelementet handlar òg om å ha ei kritisk forståing av identitetsdanning og sosial åtferd. Vidare handlar sosialisering og medborgarskap om korleis sosiale prosessar kan føre til sosiale avvik, marginalisering og utanforskap, og om ulike former for maktutøving, og kva konsekvensar dei kan føre til for ulike sosiale fellesskap.
Kulturforståing og interkulturell kompetanse
Kjerneelementet kulturforståing og interkulturell kompetanse handlar om forståing av likskapar og skilnader innanfor og mellom kulturar. Kjerneelementet handlar òg om ei utforskande tilnærming til kulturar, levemåtar og tenkjemåtar, og om å samanlikne kulturfenomen og analysere korleis kulturar er både stabile og i endring i ei kompleks verd. Vidare handlar dette kjerneelementet om å forstå moglegheiter og utfordringar som ligg i kulturelt mangfald, og om at forståing av urfolks- og minoritetsperspektiv er ein føresetnad for eit velfungerande fleirkulturelt, mangfaldig og demokratisk samfunn.
Sosiale strukturar, aktørar og handling
Kjerneelementet sosiale strukturar, aktørar og handling handlar om ulike måtar å organisere små og store fellesskap på i ulike samfunn og kulturar. Kjerneelementet handlar vidare om sosiale prosessar i samband med sosial ulikskap, fordeling av gode, arbeids- og produksjonsforhold og makt, nasjonalt og internasjonalt. Det handlar òg om korleis globalisering, ny kunnskap og moderne teknologi endrar levemåtar, forskyv makt og skaper nye måtar å samhandle på, og om føresetnadene for ei berekraftig samfunnsutvikling.