Sosiologi og sosialantropologi (POS04‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • finne og vurdere informasjon for å analysere faglege spørsmål og problemstillingar
  • vurdere samfunnsvitskaplege teoriar, metodar og tenkjemåtar, og bruke desse for å utforske sosiale og kulturelle fenomen og gjennomføre samfunnsfaglege undersøkingar
  • gjere greie for og reflektere over sosialisering som ein livslang prosess
  • drøfte årsaker til sosiale avvik og reflektere over og vurdere individuelle og kollektive reaksjonar
  • drøfte ulike oppfatningar av omgrepet kultur, og samanlikne kulturfenomen innanfor og mellom kulturar
  • analysere korleis kulturar er stabile og i endring, og drøfte utfordringar og moglegheiter som følgjer av kulturelt mangfald
  • gjere greie for ulike former for makt og vurdere korleis utøving av makt påverkar aktørar, strukturar og handlingar
  • drøfte korleis medium, kommunikasjon og samhandling endrar seg i takt med utviklinga av ny teknologi
  • reflektere over årsaker til marginalisering i samfunnet og utforske og vurdere tiltak som kan motverke utanforskap og fremje inkludering
  • utforske og reflektere over mangfald og variasjonar i kulturen og samfunnslivet til ulike urfolk
  • drøfte kva kulturforståing og interkulturell kompetanse har å seie i eit demokratisk og mangfaldig samfunn
  • bruke teoriar om lagdeling og klassar for å drøfte sosial ulikskap
  • gjere greie for føresetnader for sosial mobilitet og drøfte konsekvensar av høg og låg sosial mobilitet i ulike samfunn og kulturar
  • drøfte konsekvensar av ulik organisering av arbeid og vurdere betydninga av arbeid og produksjon for individ og samfunn
  • vurdere ulike former for arbeidsdeling og drøfte samanhengar mellom teknologi, produksjon og samfunnsendringar
  • vurdere korleis politiske ideologiar behandlar makt- og fordelingsspørsmål, og drøfte oppfatningar av rettferd og fordeling
  • drøfte samanhengar mellom sosiale prosessar og sosial ulikskap på individ- og samfunnsnivå, og moglegheiter for å skape berekraftige samfunn

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering