Sosialkunnskap (POS02‑02)
Kjerneelement
Samfunnsvitskaplege perspektiv og metode
Kjerneelementet samfunnsvitskaplege perspektiv og metode handlar om samfunnsvitskapleg forsking, teori og metodebruk. Etiske og metodiske utfordringar i samfunnsforsking inngår òg i kjerneelementet. Dette kjerneelementet handlar vidare om å utvikle kunnskap gjennom å utforme eigne problemstillingar og vurdere ulike kjelder kritisk.
Velferdsstat og menneskerettar
Kjerneelementet velferdsstat og menneskerettar handlar om utviklinga av den norske velferdsstaten og framtida til velferdsstaten. Dette kjerneelementet inneber kritisk refleksjon over samfunnsendringar og utfordringar ved ein berekraftig velferdsstat. Vidare skal dette kjerneelementet gi innsikt i institusjonane, lovverket og den politiske styringa i velferdsstaten og bidra til å utforske kunnskapar om velferdsskilnader og årsaker til og konsekvensar av desse. Kjerneelementet handlar òg om å utforske brot på og varetaking av menneskerettane i Noreg og reflektere over dette ut frå eit majoritets-, minoritets- og urfolksperspektiv.
Livsmeistring og livsfasar
Kjerneelementet livsmeistring og livsfasar handlar om betydninga av korleis oppvekst og sosialt miljø kan prege menneske i ulike fasar av livet. Forståing av sosialisering, behovsdekning, mangfald, kjønn og identitet står sentralt. Dette kjerneelementet handlar òg om utfordringar i ulike fasar av livet, kriser, krisehandtering og livsmeistring.
Sosiale problem og utanforskap
Kjerneelementet sosiale problem og utanforskap handlar om ulike teoretiske perspektiv på sosiale problem og kompetanse i førebyggings- og inkluderingsarbeid. Kjerneelementet handlar òg om å utvikle kompetanse om utfordringar og årsaker til marginalisering og utanforskap.