Sosialkunnskap (POS02‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Sosialkunnskap handlar om å styrkje elevane si forståing av og kritiske medvit om velferdssamfunnet. Faget skal gi elevane verktøy til å forstå seg sjølv som ein del av samfunnet og reflektere over utfordringar og moglegheiter knytte til identitet og livsmeistring. Sosialkunnskap skal danne grunnlag for å drøfte korleis individ, grupper, organisasjonar og institusjonar fungerer saman, og gi innsikt i årsaker til sosiale problem, marginalisering og utanforskap. Saman med kunnskapar om inkludering i arbeidslivet skal dette førebu elevane til vidare studium og arbeidsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Sosialkunnskap skal bidra til at elevane utviklar demokratiske verdiar som menneskeverd, inkludering og likestilling. Sosialkunnskap skal òg fremje elevane si evne til kritisk tenking og til å utforske ulike samfunnsforhold. Gjennom faget skal elevane utvikle større forståing av mangfaldet og variasjonen blant majoritets-, urfolks- og minoritetsgrupper. Faget skal òg gi elevane grunnlag for å kunne reflektere over eigen og andres identitet.