Instruksjon og leiing (MUS07‑02)
Kjerneelement
Ensembleleiing
Kjerneelementet ensembleleiing handlar om å utøve musikalsk leiarskap i og saman med ulike ensemble. Ensembleleiing omfattar å ta sjølvstendige val om ulike musikalske verkemiddel med mål om eit felles musikalsk uttrykk. Det handlar om å velje ut og leggje repertoar til rette for ulike elevensemble. Rolla som ensembleleiar omfattar å leie innstuderingsprosessar og å formidle og instruere eigne kunstnariske intensjonar musikalsk og verbalt, gjennom dialog og samarbeid.
Produksjonsleiing
Kjerneelementet produksjonsleiing handlar om å vise leiarskap gjennom kunstnariske, økonomiske og praktiske val fram mot framføringar og produksjonar. Dei sentrale leiaroppgåvene til produsenten omfattar å ta ansvar for økonomistyring og for at lover og reglar blir følgde. Vidare omfattar det å utarbeide og gjennomføre tids- og prøveplanar og ta ansvar for kommunikasjon med alle aktørane i ein produksjon. Rolla som produsent inneber òg praktisk tilrettelegging av øvings- og konsertarenaer, der det å rigge og styre lys- og lydanlegg inngår.