Instruksjon og leiing (MUS07‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • leie musikalske prosessar og vise forståing av korleis musikalsk materiale kan innstuderast, utviklast og framførast
  • leie eit ensemble ved å bruke grunnleggjande direksjonsteknikkar
  • formidle musikalske intensjonar og verkemiddel gjennom direksjon
  • diskutere og reflektere over eigen og andre si evne til å leggje repertoar til rette og uttrykkje musikalske intensjonar overfor ulike ensemble
  • lese, tolke og tilpasse varierte former for musikalsk notasjon for ulike ensemble
  • utvikle planar for, gjennomføre, dokumentere og evaluere prosjekt og produksjonar
  • drøfte rettferdig leiarskap og tenkje kritisk over balansen mellom deltakarmedverknad, leiarstyring og eiga rolle
  • vurdere lydmiljø og -nivå under produksjonar og ta ansvar for å regulere dette slik at det er helsemessig forsvarleg, fysisk og psykisk
  • gjere greie for opphavsrettslege reglar og rutinar
  • setje opp og følgje budsjett og føre rekneskap i arbeid med prosjekt og produksjonar

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering