Instruksjon og leiing (MUS07‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Instruksjon og leiing handlar om å utvikle forståing av og å øve på ulike leiarroller som er relevante for det institusjonaliserte og frivillige musikklivet. Faget skal gi elevane praktisk erfaring med å leie og å bli leidde, i arbeid med innstudering og utøving av musikk, og i utvikling, tilrettelegging og marknadsføring av prosjekt. Vidare skal faget bidra til at elevane får erfaring med å ta kunstnariske val. Aktivitetar i faget legg til rette for at elevane utviklar forståing av korleis musikk bidreg til å danne identitet og fellesskap på alle samfunnsnivå. Gjennom å gi elevane høve til å utvikle ferdigheiter i å leie musikalske og kunstnariske prosessar førebur faget dei til å delta aktivt i eit mangfaldig kultur-, samfunns- og arbeidsliv. Instruksjon og leiing førebur elevane for vidare studiar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Instruksjon og leiing skal bidra til å styrkje det kunstnariske medvitet til elevane, evna deira til kritisk og kreativ problemløysing, og evna deira til å gjennomføre sjølvstendige val. Samhandling gjennom å leie og bli leidd mot felles musikalske uttrykk bidreg til å styrkje sjølvbiletet, identiteten og sjølvtilliten til elevane. Faget bidreg til å utvikle evna elevane har til kommunikasjon og forhandling når dei har ei leiarrolle, og til å handtere meiningsbrytingar. Vidare bidreg faget til å utvikle evna elevane har til å anerkjenne og verdsetje kvarandre sine ulikskapar gjennom å ta omsyn til andre sine meiningar og personlege føresetnader.